Presteskøyta I, II og III - tre spesielle båtar med spesielle historier

Etter den siste verdskrigen fekk Den norske Kirke ei stor pengegåve frå søsterkyrkjene i USA. Noko av  desse pengane vart brukt til å finansiere tre båtar som prestane i dei vêrharde sjøkalla i Nord-Norge skulle kunne disponere. Sjølv om det var mange båtar som prestane kunne leige til å skysse seg med , var det likevel mange fiskarar som vegra seg til å ta på seg skyssoppdrag på søndagane – einaste fridagen sin. 

Konrad Oterholm vart tilsett som sokneprest i Loppa i 1946. Han voks opp på nabogarden til J M Kleivset Båtbyggeri  i Halsa, og hadde sikkert mange gonger vore nysgjerrig gutunge og gått i vegen for båtbyggjarane. Truleg kan dette vere ein viktig årsak til at oppdraget med å bygge båtane gjekk akkurat til dette båtbyggjeriet.

Bygginga starta i 1948 og vart bygde som ein serie.  Dei vart spanta og borda opp samtidig, dvs når eit bord var ferdig på den første, gjorde dei ferdige dei tilsvarande borda på dei to neste før dei igjen fortsette med det neste bordet på den første.

Dei tre skøytene bygde som havgåande  fiskebåtar, 37,7 fot lange og 10,9 for breie. Framom rorhuset på babord side, var det ein nedgang til ein romsleg salong – og framom salongen ei bysse med oljefyrt komfyr. Framom byssa var ei køye og ryggane til benkane i salongen kunne ein slå opp og gjere dei om til seks køyer. 

Skøytene vart utrusta med BA28, ein 28 hp Brunvollmotor som kunne greie opp til 53 hp når den vart pressa. Skøytene hadde passasjersertifikat for 18 personar.

Etter ein hektisk innspurt på båtbyggjeriet kunne skøytene måndag 27. juli 1949 starte turen nordover, først til ei høgtideleg overlevering på Skansekaia i Trondheim, deretter vidare til Loppa, Måsøy og Tana.  
 44  
Presteskøytene gjennom Sortlandsundet på veg nordover

Dei tre presteskøytene har i store trekk gjennomlevd dei  same fasane i «livsløpa sine»:

I den første fasen, fram til våren 1968 og for «Presteskøyta II» våren 1969, var dei i kyrkja si eige og presten disponerte dei som skyssbåtar. Det faste mannskapet, ein skipper og gjerne ein hjelpesmann, sytte for at skøytene til ei kvar tid var klare til bruk. Dersom skøytene var ledige, vart dei  brukte  til andre skyssoppdrag som var med og finansiere drifta.

 «Presteskøyta I» var stasjonert i Loppa fram til 1955 og deretter i Hasvik. «Presteskøyta II» var heile tida stasjonert i Måsøy medan «Presteskøyta III» var i Tana fram til 1956 og deretter i Skjervøy.

Loggbøker, gjestebøker, notat og skildringar frå ulike prestar og andre brukarar vitnar om at skøytene vart brukte i mange ulike oppdrag – både i storm og stille.

57 

58

 Skoleklasse på tur - skal dei til tannlegen tru?    Den sjøsjuke prestekona på sin faste plass


51


«Presteskøyta I» i  teneste. Framom styrehuset Konrad Oterholm i fulle pontefikalier 


I den andre fasen var skøytene i privat eige, men var framleis stasjonerte i Finnmark og Troms. Dei vart stort sett brukte til tilsvarande oppdrag som i den første fasen.

65   

66
«Terje» (Presteskøyta II) – turistskyssing ut frå Tromsø og som fisketuristbåt

I den tredje fasen – pensjonistfasen - er skøytene flytta sørover langs kysten, dei har fått nye namn,  og fungerer som fritidsbåtar.  
På slutten av 1970-talet hamna «Presteskøyta I»,  no med namnet «Amigo»,  i  Arendal  der ho vart skikkeleg oppussa og fekk ny motor. I 1995 fekk skøyta ny eigar som strippa salongen for 1970-inventaret og erstatta det med eit  nytt i eik og brukte den til bustad. Frå 1999 til august 2002 var skøyta stasjonert i Farsund. Den nye eigaren starta prosessen med å tilbakeføre den til den opphavelege utsjånaden.  
 75
Nytt inventar i salongen


78
I hamn i Farsund

 «Presteskøyta II» har hatt mange eigarar og namn, først «Terje» så «Arken», «Cruse», «Tutta» og til sist «Vår». Ho har vore innom mange stader langs kysten før ho til sist hamna i Lyngdal der ho framleis er. Dei ulike eigarane har sett sine eigne preg både på utsjånaden, innreiinga og utstyret til skøyta.  Begge dei to siste eigarane har brukt henne mykje på både på kortare og lengere turar langs kysten. Men no har den siste eigaren, Egil Tverstøl, gått i tenkeboksen og vurderer og selje henne.

710

«Cruse» heime på Stord i 1997


IMG 2265
"Vår" i vinteropplag i Lyngdal  i 2012 - 2013

«Presteskøyta III» hamna i 1971 i Kristiansund, no med namnet «Sjøtaxi». Eigaren, ein gammal krigsseglar som budde i Konvoibyen brukte henne berre litt til småturar i området. I 1978 fekk  Svein Storvik kjøpe skøyta. Han døypte henne «Normann» og har i løpet av åra laga nytt dekk og styrehus  i aluminium og laga ny innreiing i salongen. Likeeins har han også sett inn ny motor.  Våren 2013 skal planlegg den nyslegne pensjonisten enno eit opphald for «Normann» på beddingen på Mellomverftet. Han og familien har hatt mange trivelege turar i feriar og helger med skøyta. Men også han er på veg inn i tenkeboksen, skal han selje den nyrestaurerte skøyta eller ?

svein storvik
Svein Storvik i styrehuset 

718

På beddingen på Mellomverftet

For «Presteskøyta I» starta i august 2002 ein fjerde fase.  Bestefaren til brørne Alf og Ludvig Andreassen var den siste skipperen frå den første fasen til skøyta. Dei kjøpt henne og segla henne nordover til Alta.  Frå Kristiansund vart ho losa av «Normann» til Skålvikfjorden og til kaia der J M Kleivset Båtbyggeri ein gong var. Her vart dei møtte av mellom andre Gunnar Hønsvik – den siste som var med og bygde båtane. 
P0005047

Nede ved Kleivsetsjøen 08.08.2002

I 2006 vart «Presteskøyta I» sett på slipp i Bakkeby for fullstendig restaurering av skrog og dekk. Deretter vart alt inventaret også renovert slik at den framstod som ny og har vore mykje brukt i i Vest-Finnmark. Men sjukdom gjer at no er også «Presteskøyta I» til sals. 
Ein bør vel til slutt også nemne at i samband med tusenårsskiftet sto fiskarkvinnelaget Blåsa i Måsøy kommune  i spissen for at ein modell av «Presteskøyta II» vart hengt opp som kyrkjeskip i Havøysund kyrkje.  Dei engasjerte fyrvaktaren ved Svinøy fyr, Robert Pareliussen,  til å lage modellen. Søndag 08.10.2000 vart modellen høgtidleg overlevert i Havøysund kyrkje.
81

Stolt modellbåtbyggjar med det ferdige Kyrkjeskipet

FRAMSIDE
I heftet «Presteskøytene» som Einar Oterholm gav ut i 2002 kan du følgje desse tre skøytene frå dei vart bygde og gjennom dei tre første «livsfasene deira». Heftet er på 50 sider og har mange fotografi.

Heftet kostar kr 200 + porto og kan kjøpast / tingast av

Einar Oterholm,  Klevset,  6680 Halsanaustan
tlf 47 28 98 98 
epost    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Leserkommentarer

Bestilling av bøker

Stiftelsen Maritim Historie har initiert flere bokprosjekter og flere prosjekter er under utarbeidelse. Disse kan du bestille direkte ved å klikke på linkene til høyre.

 suksess-havari-bokomslag-miniFra-forste-til-siste-hal-100Kampen-om-ressursene-100Med-kaffe-og-svele-100